Heime på Hatlehol 28.oktober kl. 19.00


Heime på Hatlehol 28.oktober kl. 19.00


Velkomne til ein ny kveld med Heime på Hatlehol. Som alltid samlast vi rundt bordet til gode møter, inspirerande samtalar og noko til kaffen. Hugs å ta med favorittkoppen din!
Denne gongen får vi besøk av ein salmetrio frå Trondheim som vil dele både musikk og refleksjonar kring arbeidet med å skape nye salmar.

Gjennom fleire år har presten Dag Aakre og komponisten Gunhild Marie Roald samarbeidd om å skape nye salmar. Dette starta då det oppstod eit behov for ein salme til Vår Frue kyrkje sitt
800-årsjubileum i Trondheim. Resultatet vart salmen
I en kirke midt i byen, som seinare fekk plass som nummer 544 i Norsk salmebok. Sidan den gongen har fleire salmar kome til, med tekstar om håp, fellesskap, nåde og om møtet mellom Guds kjærleik og menneskeleg skrøpelegheit.

Denne kvelden får vi høyre korleis salmane har blitt til gjennom ein open sofaprat med Dag Aakre og Gunhild Marie Roald. Samstundes vil salmane bli framførte av Gunhild Marie Roald saman med pianist Knut Størdal. Publikum blir også invitert til å synge med på både etablerte og heilt nye salmar.

Gratis inngang.

Varmt velkommen!!

Tilbake