4-åringane (født 2022) er invitert til undretur og utdeling av 4-årsbok.
Vi vil invitere deg til å kome til Hatlehol eller Spjelkavik kyrkje for å vere med på UNDRETUR og få
4-årsboka «Mi kyrkjebok» på FAMILIEGUDSTENESTE.
Undreturen er ei oppdagingsferd i kyrkjerommet. Kyrkja er eit spanande hus, annleis enn andre hus og det er mykje å sjå og undre seg over. Vi studerer alteret, døypefonten, lysgloben, preikestolen og får høyre speling frå orgelet.
På Hatlehol har vi ikkje kyrkje, men ein sal som vi lagar om til gudstenesterom.
Her har vi alter, døypefont og lystenningsbord.
HATLEHOL (Ålesund folkehøgskole)
Undretur torsdag 15. oktober kl. 17.30-18.45. Enkel kveldsmat.
Familiegudsteneste med bokutdeling 18. oktober kl. 11.00. Sang av Hatlehol minigospel. Kyrkjekaffe. Påmelding innan onsdag 14. oktober på tru.no
Kontaktperson: Sølvi mob: 41322714,
e-post: solvi.irene.ulvestad@kyrkja.alesund.no
SPJELKAVIK KYRKJE
Undretur lørdag 17.oktober kl. 10.00-11.30. Enkel lunsj.
Familiegudsteneste med bokutdeling 18. oktober kl. 11.00. Sang av Cantus Vialis. Kyrkjekaffe.
Påmelding innan fredag 16.oktober på tru.no
Kontaktperson: Kathinka mob: 47380303, e-post: kathinka.rosberg.moller@kyrkja.alesund.no
Vel den undreturen og gudstenesta som passer best og ta gjerne med heile familien til gudsteneste.
Til bokutdelinga kan ein også melde seg på i døra, sundagen frå kl. 10.40 begge gudstenestestader.
Velkomen til undretur og familiegudsteneste!
Helsing Sølvi Ulvestad, Kathinka R. Møller, Jon Ivar Tønnesen, Bjarte Hove, Gunnhild Barstad Løvoll og Anders Grytten
Påmelding her: https://minpamelding.agrando.no/?skjemaId=7c98ec83-1b56-41e2-9a9b-b95807d7548c
Tilbodet er ein del av trusopplæringa i Spjelkavik kyrkjelyd.